I denne veka er galeas GURINE å sjå på sine daglege tokter i Storsund og Hardangerfjorden. Dei reisande er personalgrupper, elevar frå Kvinnherad Vidaregåande skule og andre private grupper. Det siste nye er at motorkuttaren SELADON kom frå Fitjar til Kvinnherad i går og skal i ein femårsperiode driftast av interesselaget GURINE. SELADON ligg til kai i Vågen på Skorpo. På slippen står MK VÅGEN.

GURINE er bygd i Rosendal i 1875 og kom tilbake i 2011 for restaurering. Med 8 års frivillig arbeid og 42 000 dugnadstimar vart skuta sjøsett 16. juni 2019. Fartyet er i dag rigga som galeas og er operativ for tokter med mannskap og pssasjerar.

Motorkuttaren SELADON kom til Kvinnherad i går og skal driftast av interesselaget GURINE.

Motorkuttaren SELADON er bygd i Svoldal. Det er ein seglkuttar som seinare fekk motor. Fartyet har hatt heimehamn på Smedholmen i Fitjar. Eigarane Skorpen og Matre har mellom anna brukt SELADON som leirskule. Fartyet har vore for sal fram til i dag. Tidelagre i går var SELADON innom Fitjar for å ta farvel med interesserte på plassen. Så gjekk turen til Kvinnherad.

Det vert med andre ord mange veteranfarty å sjå på fjorden i sumar. Det er nok å nemna MATHILDE, SELADON og GURINE. I tillegg kjem alle forbireisande skuter.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Øystein Enæs