Mange går turvegen over Skårhaug - ikkje alle finn turboka.
Mange har funne fram til og brukar den nye turvegen på Stemneplassen og over Skårhaug. Plassen er skilta med Skårhaug ved Uskedal bru og seinare ved avkøyrsla til Stemneplassen ved Bedehuset. Det er registrert stor interesse. Camping- og båtgjester brukar vegen og likar å gå på Noregs lågaste topptur. Ikkje alle finn turboka som ligg i boks på toppen, 49 moh. ved Telemasta. Boksen er mellombels. Det skal lagast større og tett boks. Kart, som syner område, er og vert montert på sentrale plasser i sentrum. Velkomne til å bruka turvegen.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal