Det har med åra kome mange fine julepynta hus og tun i Uskedalen. Nokre merkjer seg ut med adventstjerner og lys, fint avstemt i høve til fargar og dekorasjon. Nytt i år er eit julepynta hus i sentrum der Kjersti og Hans Jørgen Boge bur. Hus og hage er dekorert med lys, eit blikkfang for alle som køyrer framom på FV 500. Hans Jørgen Boge fortel til uskedalen.no at familien er glad i lys i den myrke årstida. Ein jordfeil førte til at han måtte byta ut mykje kabel i år. Til neste år vil han utvida og fornya lyssetjinga med ein juleinstallasjon i hagen.

Huset på Neset er alltid vakkert lyssett.

Huset på Neset med eigarane Gunn Mari og Asle Moberg var tidleg ute med lys og installasjonar på eigendomen. Det er mange år sidan og Neset har på mange måtar vore eit føredøme for andre. Eit eige juletre laga i aluminium er særmerkt for denne plassen.

Eit anna hus og tun med julalys er Berglund på Myklebust der familien Tor Øystein Myklebust bur. Huset er ei arkitektonisk perle og med rett lyssetjing er plassen eit vakkert skue. Her er det lagt vekt på symmetri og og fint avbalansert lysmontering.

Julehuset på Berglund på Myklebust.

Eit anna blikkfang er huset på Eik, på øvre sida av fylkesvegen like ved der Eikevegen tek til. Kvar jul er dette huset og hagen dekorert med lys og lyslekkjer. Det same gjeld eit hus på Syne i Korsnesfeltet.

Det er høve til å senda foto til uskedalen.no innan dette tema.

Tekst/foto/nett: Kristin Bringedal