For tre veker hadde vi eit innlegg om merka turløyper. Turgruppa i Idrettslaget ved Steinar Haugland bad om hjelp for å friska opp merkinga på turstiane til fjells. Alt no registrerer vi at arbeidet er starta og at mykje av arbeidet er gjort. Dette gjeld mellom anna desse stiane:

Turstien Halsane til Mannsvatnet er merka på nytt.
  • Frå Halsane til Mannsvatnet
  • Frå Steinaheiane til Solfjell
  • Det vert arbeiddd med stien til Tverrfjell
  • Stien til Geitadalstind er merka
  • Det vert jobba med oppfrisking av stien til Høgetinden
  • Stien til Manen er merka
  • Merkinga i Eikedalen er starta
  • Manglar merking til Englafjell via Såto og frå Skaret til Eikedalen
  • Traseen til Skorpefjellet er merka på nytt
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal