Kvinnherad mållag vil ønskja den nye bokhandelen velkomen med å invitera til satsing på nynorskbøker. Det kjem ut svært mange gode bøker på nynorsk. Mållaget ser desse bøkene som ei språkleg satsing og fornying også. Det er særleg viktig at born får lesa bøker på nynorsk. I Sunnhordland er det som kjent svært mange som skriv. Bokhandelen vil flytta nynorskbøkene til festsalen i Kulturhuset og satsar på førjulsmarknad denne dagen. Fleire av forfattarane, som har gitt ut bok dette året, vil koma med ein kort presentasjon. Det blir både skjønnlitteratur og fagbøker. Mållaget vil gjerne kommentera medlemsauken og ønskja bokhandlaren velkomen. Bilete syner Kvinnhersminne, hefte nr. 20. Av 23 artiklar er 4 frå Uskedalen eller med relasjon til Uskedalen.

Kristian Hus i Skiftvis forlag vil presentera boka Samfunnsbyggjarane – om entreprenørfirma G. Røssseland.
  • Stuntpoeten, Arne Torget, vil leia det heile i munter og kjend stil.
  • Forfattarar presenterer nye bøker på nynorsk.
  • Kvinnherad mållag presenterer medlemsauken m.m
  • Musikk v/ Trio Taffel
  • Kaffi/ kaker og drøs.
    Velkomne til ei hyggjeleg stund!


Anne Karin Fønneland, forfattar og styremedlem i Kvinnherad mållag, er sentral i gjennomføringa av Bøker og bakst.
Tekst/nett: Pressemelding
Foto: Arkiv