I det fine veret i dag blir den nye bordkledningen i brystet mot Skulebruo på ungdomshuset Helgheim mala. Det er Anne Elisabeth Mikkelsen og Bård Blom frå Sandvoll Entreprenør som utfører arbeidet. Uskedalen.no tok ein kort prat med dei der dei stod høgt over bakken. Dei fortalde at dei hadde oppdaga at dei kvite vindskeiene var svært rotne då dei byrja å skrapa, og dermed burde også dei vore skifta no når stilaset er oppe.

Det er mykje roteskader på vindskeiene.

Dersom ein fekk gjort jobben no medan stilaset er oppe, ville arbeidet bli mykje billegare enn om det blir gjort seinare, seier dei to malarane, men problemet var visstnok at det er lite med pengar i ungdomslagskassen etter at dei har gjort mykje godt arbeid for å halda huset i god stand.

Jobben burde jo ikkje bli så dyr om det blei gjort medan stilaset er på plass. Det er lite materialar som skal til, og det er jo heller ikkje den store jobben. Kanskje nokon kan sponsa det? I så fall må dei vera kjappe å ta kontakt med nokre i leiinga i ungdomslaget.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland