Målblomen er ein pris for medvite bruk av nynorsk i kommunal og offentleg teneste, private verksemder og organisasjonar. Kvinnherad mållag har sidan 1999 tildelt Målblomen til verksemder i kommunen som over tid har synt positiv vilje og evne til å bruka målforma nynorsk. I 2020 vart Målblomen tildelt Kvinnherad Næringsservice. I 2021 går Målblomen til Elins Matgleder i Uskedalen/Rosendal.

Frå tildelingsbrevet tek vi med dette:

Elins Matgleder er ei verksemd med produksjonskjøkken/utsal i Uskedalen, restaurant og kafe i Rosendal. Seinare har Elin Enes innreidd siloane på garden til gåvebutikkar. Det siste er at Elin og Geir Enes har kjøpt Vertshuset i Uskedalen som skal brukast til selskapslokale.

Elin Enes brukar nynorsk som forretningsmål. Det gjeld internt i verksmeda og eksternt utmot kundar, presse, lysingar og i all marknadsføring. Det har ho gjort sidan oppstarten av Bakehuset i desember 2012 og seinare ved Restaurant Fiolen i Skålagato i juni 2018. Heimesida og det som vert skrive på Facebook er på nynorsk. Det same er menyane og alt skriftleg informasjonstilfang.

I 2012 vart Elin Enes som ein av seks kandidatar plukka ut til å vera med kjendiskokken Eyvind Hellstrøm i prosjektet Hjemmekokklauget. I den fyrste kokeboka til Kokkelauget skriv Elin alle sine matoppskrifter på nynorsk, heile 30 sider.

På spørsmål om kvifor ho brukar nynorsk er svaret: Det er mest naturleg for meg, dessutan er det viktig for identiteten.

Elins Matgleder er ein verdig vinnar av Målblomen 2021. Verksemda har over tid synt positiv vilje og evne til nytt målforma nynorsk. Elin Enes er med dette ein rollemodell for andre innan same bransje. Eit medvite val av målform er også ein viktig del av all merkevarebygging og profilering.

Elin og Geir Enes ved opninga av restaurent Fiolen juni 2018.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal