Maja Hjelmeland Eidsvik vart døypt i Uskedal kyrkje i dag på 1. påskedag, dagen som vert rekna som kyrkja sin store dåpsdag. Det var eit talrikt dåpsfylgje med foreldre, besteforeldre på begge sider, fadrar, tanter og onklar og slekta elles. To dåpshandlingar vart på den siste gudstenesta utsett. Årsaka var sjukdom. No let dåpen seg gjennomføra og det på sjølvaste 1. påskedag. Foreldra til Maja, Renate og Sinde, kjem frå Herøysundet og Uskedalen. Bilete syner f.v: Sokneprest Kjetil Kringlebotten, Renate Hjelmeland og Sinde Eidsvik med dåpsbarnet Maja.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal