
Magne Huglen på P1 radio i morgon, onsdag 11. juni, om lag kl. 12.30.
Eit tips i kveld fører oss fram til festivalbonde og saueeigar Magne Huglen. NRK radio vil i programmet Landsmøte midt på dagen i morgon snakka med Huglen om det som skjer på Dønhaug i desse dagar. Han vil i samtalen koma inn på gardsdrifta og ikkje minst den føreståande Festidalen.
Landsmøte er eit program der mellom anna Alvestad frå Husnes er i redaksjonen. Magne Huglen har vore læraren hans på ungdomsskulen. I nokre av desse programma vert intervjuobjekta utfordra. Slik gjekk det i dag. Asbjørn Hodnekvam, som Magne er onkel til, vart intervjua. Han bad om at neste på lista burde vera Magne Huglen frå Dønhaug i Uskedalen.
I samtale med uskedalen.no i kveld gler Magne seg til innslaget. Han vil nytta høve til å sei at straks etter sendinga gjer han seg klar til å føra sauene på sumarbeite til Vatnatøl og i Botnane.
Den som har høve til det, bør høyra NRK sin samtale med Magne Huglen. Om ikkje det går, kan ein finna innslaget på NRK arkiv.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto