Magne Eik takka av som kyrkjetenar - hadde si siste gudsteneste på juleafta.
Magne Eik ( 75 år i dag ) hadde si siste gudsteneste som kyrkjetenar på juleafta. Soknerådsleiar Eli Roseth Eik nytta høve til å takka Magne for godt og trufast arbeid for kyrkja over mange år. Ingen kjenner kyrkja betre enn Magne Eik. Kyrkjetenar sine oppgåver er mange og varierte, alt frå varme, opplåsing, lyd, lys, renovasjon, klargering til gudstenester og snømåking til klokkeringing. Og mykje meir førefallande arbeid.
Magne Eik vart fast tilsett som kyrkjetenar i 2012. Før det var i vikar i den same tenesta for bror sin, Leohnard Eik. Så langt er det ikkje tilsett ny kyrkjetenar. Kyrkjeverje på kyrkjekontoret har saka. Inntil vidare vil Johannes Solheim fungera i denne tenesta i Uskedalen. Solheim er i dag tilsett som gravplassarbeidar, reinhaldar og kyrkjetenar i Kvinnherad.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal