Eit hundretals personar i alle aldrar møtte fram til det som kan bli ein ny tradisjon i Uskedalen, nemleg Lysmarsj med hovudlykt over Skårhaug. Etter samling og kort orientering ved Julegrana gjekk turen opp Skårhaug. Punkt 1 på programmet var å finna Nisseboksen på toppen 49 moh. Mange hadde med teikningar, brev og juleynskje til Børsdalsnissen. Frå toppen lyddest julemusikk frå Uskedal musikklag som sat nede på plassen.

Uskedal Musikklag med musikken sin fekk oss alle i julestemning.

Vegsikring, P- plass og asfaltering er namnet på prosjektet, kostnadsrekna til nær på kr. 500 000,-. Med god støtte frå Kvinnheradstiftinga. SIM miljøfond og eigne midlar er ein på det næraste i mål. Det manglar lys og ei veglomme på kommunal veg er ikkje finansiert enno. Styret i Uskedal Friluftslag vonar på ei løysing med det fyrste. Frå styret har Audun Eik og Ove Magne Myhre vore prosjektleiarar. Det er lagt ned mange timar arbeid som dugnad, mellom anna av Dugnadsgruppa.

Lang, lang rekke over Skårhaug i kveld.

Knut Sjøwall, Liv og Jan Henrik Hansen, som brukar område og turvegen mykje, fekk i oppgåve å stå for sjølve opninga. Det vart gjort ved å skjera over eit gamalt tog med ein like gamal og skrøpeleg samekniv. Deretter kom Tormod Myklebust køyrande opp og tok parkeringsplassen i bruk. ( Sjå bilete på topp ).

Alle fekk gløgg, kakemenn og peparkaker, sponsa av SPAR Uskedalen

Entreprenør har vore Haugland Mjølk og Maskin v/ Tor Ove Haugland. Desse er leigd inn til anna arbeid:

  • Boring: Kjetil Fossheim
  • Sprenging; Sondre Ljostveit
  • Asfaltering: Kvinnherad Asfalt v/ Sindre Stensletten
Samling på toppen ved Nisseboksen.

Nabonane var inviterte. Ein av dei, Affi Eidsvik, er godt nøgd med arbeidet. Han ser fram til samarbeidet med å halda det fint i grensa mellom eigedomane. Asgeir Hjelmeland frå styret i Bedehuset ser fram til å bruka plassen. I byggeperioden har Friluftslaget brukt parkering ved Bedehuset. No er ein klar for gjensidig bruk.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Anita Enæs