Luksusyachten INFINITY gjennom Storsund i dag.
I 10 tida i dag kom den storslagne luksusyachten INFINITY inn Storsund med destinasjon Rosendal. Kort tid etter ankra det Cayman Island registrerte skipet opp på Malmangervikjo. Eit fylgjeskip med helikopter på akterdekket la seg til i Dimmelsvik. INFINITY, bygd i Nederland i 2022 har 24 gjester ombord. Mannskapet tel 43. Skipet på heile 5000 tonn har ei lengde på 117 meter. Toppfart: 18 knop. Gjennom Storsund gjekk INFINITY med 14 knop. Cayman Island er den 2. mest brukte flaggnasjonen for skip i yachtklassen. INFINITY er det same skipet som dagane før har vore innom Eidsvik på Halsnøy og i Åkrafjorden. Takk til Jens Ripel for bruk av dronebilete.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Jens Ripel/ Kristian Bringedal