Lufthamnsjef, Jan Morten Myklebust frå Uskedalen, er godt nøgd med alt det positive som skjer på Stord Lufthamn for tida. I 2021 reiste 17.279 personar med fly over Stord lufthamn. Samanlikna med 2020 utgjer dette ein auke på 1.138 reisande eller 7.05%. I 2021 nytta 15.431 personar seg av Stordflyet si Oslorute. Samanlikna med 2020 utgjer dette ein auke på 2.938 reisande eller 23.52%.

I 2021 registrerte lufttrafikktenesta 5.072 flyrørsler (landingar og avgangar). Samanlikna med 2020 utgjer dette ein auke på 1.433 flyrørsler eller 39.37%.

Dette er gode tal når ein tek omsyn til pandemisituasjonen generelt.. Stordflyet flyg for tida eit redusert flyprogram på Osloruta.

Lufthamnselskapet har no motteke postivt svar frå Staten om å innlemma Osloruta i sine framtidige flyrutekjøp og såleis lysa ruta ut på eit nytt anbod.

Tekst: Pressemelding
Foto: Arkivfoto
Nett: Kristian Bringedal