Lovsonggruppa i Zoar bedehus kjem på salmekveld i Uskedalen, tysdag 20. februar kl. 18.00.
Kvart halvår skipar soknerådet til salmekveld med salmeynskje. Gjester denne gongen er Lovsonggruppa i Zoar bedehus på Halsnøy. Kvaretten ÆRE vert med og det er høve til å melda frå om salmeynskje. Har du ein kjend og kjær salme, meld frå til kristian.bringedal@gmail.com eller på mobil: 915 31 487.
Lovsonggruppa i Zoar er ein kvartett med desse aktørne:
- Frøydis Sjo: Song
- Ingunn Koløy: Song
- Otto Benjaminson: Song og piano
- Odd Emil Sjo: Rytmegitar
Kvartetten ÆRE kjenner vi frå før. Desse er med: Eva Megyesi, Svein Rimestad, Aslaug Hellesøy og Kristian Bringedal.
Velkomne til Salmekveld i kyrkja, tysdag 20. febr. kl. 18.00
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Kristian Bringedal/Lovsonggruppa i Zoar