Trygve Bjerkrheim er ein folkekjær diktar, og ingen norsk lyrikar har vel gitt oss ei slik mengd av dikt og songar, salmar og kvad. Diktinga har mange tema, og spennvidda stor og variert. I enkelt, kvardagsleg språk, formidlar han rikdommen i evangeliet, og glede og takk for natur og fedreland, heim og familie. Dei mest kjende songane er vel «Det er makt i de foldede hender», «Takk at du tok mine byrder» og «Han tek ikkje glansen av livet» Og me tek gjerne med «Me takkar deg Herre for Noreg»

Lovsongsbrørne


Lovsangsbrørne har basis på Leirvik Bedehus, men svært få har trødd sine
barnesko der. Dei fleste er tilflyttarar og kjem frå bygder og grender på
Vestlandet Koret vårt har «adoptert» mange av Bjerkrheim-songane, og fk. søndag vil koret formidla ein del av desse.

Me vonar også det kan bli eit møte med personen og diktaren Trygve
Bjerkreim og bakgrunnen for ein del av dikta. Kollekten denne dagen går til eit av Bjerkrheim sine «hjerte-barn», NOREA Mediemisjon.

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal