Lovande skiløparar frå Uskedalen i årets fyrste karusellrenn
15 av 50 deltakarar i årets fyrste karusellrenn på ski kjem frå Uskedalen. Dei går i 11 ulike klassar og løypa varierer frå 1,3 km til 10 km. Jenter og gutar 8 og 9 år går den kortaste løypa utan tid. Jenter og gutar 11 år og oppover går på tid. I tillegg kjem alle som går det som vert kalla barnerenn, også det utan tid.
Her tek vi med deltakinga frå Uskedalen med namn og plassering.
- Jenter 8: Leah A. Yri 1,3 km.
- Jenter 9: Erle Marie Korsvold 1,3 km.
- Det same gjer Ann Cecilie Yri
- Jenter 9 år: Andrea Huse Bjørnebøle 1,3 km.
- Det same gjer Stina Haugse
- Gutar 8 år: Per Håkon Korsvold
- Gutar 9 år: Viljar Hella Berge-Soldal
- Frøy Sæle, J12, går 2 km. og vert nr. 1
- Mathias H. Tungesvik, G11, går 2 km. og vert nr. 2
- Trym Sæle, G12, går 2 km. og vert nr. 1
- Linnea Myklebust Ripel, J13, går 3 km. og vert nr. 1
- William Samland Eik, G13, går 3 km. og vert nr. 1
- Amund Hella Berge-Soldal, G14, går 3 km. og vert nr. 2
- Anna Elisabeth Samland Eik, J16, går 5 km og vert nr. 1
- Birk Sæle, M17, går 10 km. og vert nr. 1
Omvikdalen Idrettslag var rennarrangør.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Morten Nygård - Grenda