Vinnarane i både vedlotteriet og musikklagslotteriet blir gjort kjent på konserten 17. juni.

“Påskekyllingane” på bildet har forlengst hatt sin siste loddsalgsdag ved SPAR i denne omgang. No er det berre om lag ei veke igjen til vinnarane blir trekt ut både i vedlotteriet til Uskedal Friluftslotteri, og i Uskedal Musikklag sitt lotteri. Begge laga melder om svært godt loddsalg og er svært så takksame for det. Likevel er det framleis mogeleg å få kjøpt lodd i begge lotteria om nokon ønskjer å støtta arbeidet i dei to laga.

  • I vedlotteriet, der overskotet går til drift og utvikling av Stemneplassen, er det 3 gevinstar: 15, 10 og 5 sekker med god ved som vil koma godt med i kjølege tider. Loddprisen her er 100 kr, og lodd kan kjøpast ved å vippsa til 60 55 65 (Uskedal Friluftslag) og merka med “Lodd”. I dette lotteriet blir det også selt lodd under konserten på Stemneplassen 17. juni.
  • Viss nokon ønskjer lodd i musikklagslotteriet, kan dei vippsa til 93 05 41 (Uskedal Musikklag). Kvart lodd kostar 10 kr, og det er mange fine gevinstar som laget har fått av både næringsdrivande og privatpersonar. I dette lotteriet blir det ikkje selt lodd under konserten, men viss nokon ønskjer å kjøpa lodd utan å ha vipps, kan dei berre kontakta musikklagsmedlemmene innan 15. juni. Inntekta av lotteriet går til å halda drifta av korpset gåande.

Velkomne på Stemneplassen tirsdag 17. juni, og mange takk til alle som har støtta laga ved loddkjøp.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto.