Reidar Gramstad har skrive boka Skorpos historie, ei lokal bygdebok om busetnad, slekter, segner, folkeminne, husmannsplassane og ikkje minst dei frådelte tomtene, nemleg om alle hytteeigarane. Påskegjester, fastbuande og andre interesserte kan såleis sjå fram til å lesa boka på 110 sider der forfattaren står bak all produksjon,- tekst, dei fleste bileta og lay out. Reidar Gramstad, fødd 1949, kjem frå Figgjo, er gift med Ingeleiv Langballe og busett på Lura i Sandnes. Dei har hytte med adresse Skorpo 17. Gramstad har i sitt yrkesaktive liv vore tilsett i reisebyråbransjen. Han har utdanning frå Universitetet i Bergen med faga historie og sosialantropologi og er medforfattar og utgjevar av boka Sjakk uten grenser – Norges sjakkforbund 75 år.

Boka er på eige forlag, men kan kjøpast ved å kontakta forfattaren Reidar Gramstad.

Reidar Gramstad har gjort eit grundig arbeid med innsamling av data, og bruk av kjeldene. Dei største bruka er presentert på ein god og interessann måte med vekt på personane og gardsdrifta. Så kjem alle husmannsplassane og dei frådelte hyttetomtene. Det er naturleg og rett at slekta Landballe har brei omtale i boka, frå den fyrste Michael Hansson Landballe frå Nedstrand i Ryfylke og fram til Marit og Oskar Landballe og borna deia i dag.

Det er skrive fire sider om tunet “Oppe i Skorpo” der boka Tunet i det blå har henta sitt innhald. Herbrand Lavik budde ei tid på Skorpo og skriv boka i krigsåra. Ukjend for mange er at Reidar Berle med kunstutdanning kom til Skorpo og vart fast feriegjest. Berle var grafikar, illustratør og malar. Etterkomarane hans har hytte der i dag.

Boka Tunet i det blå av Herbrand Lavik med innhald frå dei vanskelege åra 1807 – 1814 er omtalt i Gramstad si bok om Skorpo.

Reidar Gramstad skriv godt. Overskrifta En vandring “gatelangs” er artig handlar om alle bustadene med gatenamn og nummer. Ein rusletur gatelangs på Skorpo frå nr. 1 til nr. 132 er opplysande og informativ.

Arbeidet til Reidar Gramstad held no fram på Facebook som nettbok. Her vert det lagt til utfyllande informasjon og om mykje av det som ikkje kom med i boka. I innleiinga står det rett nok av boka er å rekna som 1. utgåve. Dermed kan ein ikkje sså bort frå at det kan koma ei ny og utvida utgåve seinare, noko mange ville sett pris på.

Boka Skorpos historie er komen ut på eige forlag i eit avgrensa opplag. Ved å kontakta forfattaren er det mogeleg å få kjøpt boka.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal