Det er også mogeleg å kjøpa Uskedalsboka.

Denne runden av Uskedal Friluftslag sitt populære vedlotteri er i innspurten. Laurdag blir det salg av lodd ved Spar Uskedalen og nokre timar utover ettermiddagen. Loddkjøparane kan kjøpa både med kontantar og vipps. Trekking av lotteriet blir på søndag under markeringa i samband med opninga av den nye turvegen over Stemneplassen til Skårhaug. Dermed kan dei som ønskjer, også kjøpa lodd ved å vippsa til 60 55 65 (Uskedal Friluftslag) fram til søndag kl.16.30.
På standen ved Spar kan ein også kjøpa Uskedalsboka “Den nære fortida”. Der kan ein også betala både med kontantar og vipps, men då må ein bruka vippsnummer 76 38 03 (Uskedal Historielag).
Boka er elles alltid å få kjøpt inne i butikken til Spar Uskedalen.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto