Denne helga vil Uskedal Friluftslag og Uskedal Historielag vera på plass utanfor SPAR Uskedalen for å selja lodd og lokalhistoriske bøker. Friluftslaget sel lodd i vedlotteriet. Dei har og med boka “Historien om Gurine, Torger og Martin” som handlar om familien til krigsseglaren Torger Olsen Feet.
Historielaget har med seg både bok 1 og bok 2 i Uskedalserien “Den nære fortida” der det berre er få bøker igjen av bok 1.
Både bøker og lodd kan kjøpast både med kontantar og vipps, men ikkje kort.
Begge deler kan også kjøpast over nett ved å vippsa rett beløp og skriva kva betalinga gjeld. (Lodd, bok 1, bok 2…).

Merk at det er to ulike vippsnummer:
Uskedal Historielag 76 38 03
Uskedal Friluftslag 60 55 65

Det kan også betalast medlemskontigent for 2024 til Uskedal Historielag. Det kostar 200 kr pr år. Betalande medlemmer vil m.a. få eit eksemplar av den neste noka i serien “Den nære fortida” som kjem til hausten, til halv pris. (150 kr).

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto