Vi minner om at det blir loddsalg og boksalg utanfor SPAR i dag. Det startar kl. 10.30 og vergudane blir med og bestemmer kor lenge det blir utover dagen. På standen kan de:
¤ Støtta det gode arbeidet til Uskedal Friluftslag på Stemneplassen ved å kjøpa lodd i Vedlotteriet som startar no.
¤ Kjøpa Uskedal Historielag sine bøker i serien “Den nære fortida” om de ikkje alt har sikra dåke dei.
¤ Støtta arbeidet i Uskedal Historielag ved å teikna medlemskap for 2024. Årskontigenten er 200,- og de vil då kunna kjøpa 1 eks. av boka som kjem til hausten for halv pris.
¤ Slå av ein god prat!

Vi snakkast.

tid