Det blir også mogeleg å kjøpa Uskedals-boka

Uskedal Friluftslag gjer no klart til ein ny runde med vedlotteri. Palmelaurdag blir det oppstart med salg av lodd utanfor SPAR Uskedalen. Der kan ein kjøpa lodd både med vipps og med kontantar. Kvart lodd kostar 100 kroner som før. Som tidlegare vedlotteri er det 3 premiar, 15, 10 og 5 sekker med god ved, men til skilnad frå tidlegare er det større sekker. Denne gongen er det nemleg 80 liters sekker.
Loddseljarane vil laurdag sitja utanfor SPAR frå kl.11 og nokre timar utover. Inntekta vil gå til drift og opprustning av Stemneplassen, og som kjent har det skjedd, og skjer framleis, mykje gledeleg på plassen for tida. Vedlotteriet vil bli trekt under opningsarrangementet av den nye, flotte turvegen til Skårhaug den 7.mai.
På same standen blir det også mogeleg å kjøpa Uskedals-boka “Den nære fortida”. Den er forøvrig også til salgs inne i SPAR-butikken. Den kostar 300 kroner og kan betalast både med vipps og kontantar.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto: Kristian O. Bringedal