
Loddsalg, boksalg og musikk ved SPAR i helga.
Musikklaget speler kl.12 på laurdag.
På fredag og laurdag vil Uskedal Musikklag selja lodd i lotteriet deira som pågår no. Fredag startar loddsalget kl.11 og laurdag er loddseljarane på plass frå kl.10.30 og vil vera der utover ettermiddagen.
I same tidsrommet vil Uskedal Historielag selja bøker i serien “Den nære fortida”. For tida har dei tilbod til dei som kjøper både bok 2 og bok 3. Samla pris vert då 500 kr så ein sparer ein hundrelapp. Både lodd (10 kr) og bøker kan betalast både med kontant og vipps.
Laurdag kl.12 vil ein gjeng frå musikklaget vera på plass og spela to korte avdelingar med underhaldningsmusikk.
Lotteriet går til drift av musikklaget, og dei har ei fyldig gevinstliste som vist på bildet under. Trekninga blir i midten av juni, og resultatet skal etter planen bli gjort kjent under konsert på Stemneplassen 17.juni.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland Foto: Kristian Bringedal og Thor Inge Døssland