LivOGLyst får mange gode innspel til prosjektet frå bygdafolket, og eit av dei er sykkelrebus 1.mai.

Sykkelrebusen går rundt dalen, og det er 12 postar undervegs som ein skal svara på. Ein kan sykle, gå, stå på rulleskøyter eller anna medan ein svarer på spørsmåla.

Ein melder seg på, og får svarark på skuleplassen mellom kl. 11.00-12.00. Når ein kjem attende til skuleplassen vert det høve å få kjøpt kaffi og kaker.



Dei som bidreg til å arrangera sykkelrebusen oppmodar dykk til å gjera i stand sykkelen og kvessa kunnskapen til 1.mai.

Kom og bli med!

Foto: Solveig Haugland/Styringsgruppa LivOGLyst
Tekst/nett: Kari Bråtun