Bøkene kan kjøpast både på Rabben Feriesenter og Spar Uskedalen.

Etter spørsmål frå tilreisande om kor i Uskedalen ein kan få kjøpt bøkene i serien “Den nære fortida”, kan det vera på sin plass med litt informasjon om dette.
Både bok nr. 2 og 3 kan kjøpast både på Spar Uskedalen og Rabben Feriesenter. Bok 1 er no heilt utseld. Kvar bok kostar 300 kroner, men det er eit tilbod til dei som kjøper både bok 2 og 3. Då får dei begge bøkene for 500 kroner. Det er greiast om betaling skjer med vipps direkte til Uskedal Historielag, vippsnr. 76 38 03, men om ein ikkje har vipps vil nok betjeninga vera behjelpeleg med anna betaling. Bøkene kan også kjøpast ved å ta kontakt med skriftstyret, mobil 932 88 237 eller epost uhl.skrivar@gmail.com.
På bildet over viser Iselin på Rabben Feriesenter fram 2 av dei 11 sidene om historia til Rabben Feriesenter i bok 3.

Jeanette og resten av betjeninga på Spar Uskedalen har selt mange bøker for Uskedal Historielag.

Bøkene var utstilt utanfor Spar Uskedalen då musikklaget selde lodd sist helg. Det viste framleis svært god interesse for serien med kjekke tilbakemeldingar på bøkene som er komne ut, og spørsmål om framtidige bøker. Ein av dei var handelsmannen på Snilstveitøy, Bjørn Arne Eidsvik. Han fortalde at han hadde kjøpt alle 3 bøkene på Rosendal Bokhandel, og han likte dei veldig godt. Han nemnde spesielt artikkelen om Hjørdis Nilsen Holgersen og butikken på San`n i bok 2. Han var klar på at neste bok skulle kjøpast når den var klar.

Etter at antal bøker til arkiv er blitt redusert, blei aller siste eksemplar av bok 1 selt lørdag. Den gjekk til ei dame med fritidsplass i Rosendal. Ho hadde ingen direkte tilknytning til Uskedalen, men har og hadde hatt stor glede av vakre turar her i bygda. Ho fekk kjøpt bok 2 og 3 ved Spar, og tok så turen bortom Rabben for å sikra seg den komplette serien ved å kjøpa den aller siste “Den nære fortida” 1.
Vi fekk også eit spørsmål om det kom til å trykt opp fleire, men det er ikkje gjort noko vedtak om det. Neste bok i serien kjem hausten 2026.
Det var også spørsmål om det ville bli førehandsalg av boka om utvandringa frå Uskedalen til Amerika som har bokslepp 18. oktober. Det blir det, men korleis og når blir avgjort på møte i juni. Info kjem på facebooksida til Uskedal Historielag og her på Uskedalssida. Over 800 følgjer facebooksida, og der er mykje info om arbeidet i laget. Der er også små videoar med kjeldepersonar om enkelte tema.

For Uskedal Historielag er det god inspirasjon i den store interressa og dei gode tilbakemeldingane.

Bok nr. 1 er utseld. Rabben Feriesenter og Spar Uskedalen har både nr.2 og nr. 3.

Tekst: Uskedal Historielag
Arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland.