Temaplan for reiseliv 2021 – 2024 ligg ute på høyring. Frist for å koma med innspel er sett til 01.februar 2021. Bakgrunnen for planarbeidet er vedtak i Formannsskapet for vel eit år sidan om at det skal lagast reiselivsplan som ein del av Kommuneplan for næring. Det er lite å finna om Uskedalen i planutkastet , trass alt bygda har å visa fram av natur- og kulturattraksjonar. Difor er det viktig at aktuelle aktørar sender merknad.

Føremålet med planen er å svara på problemstillingar knytta til ein attraktiv, frisk og grøn kommune. Strategien er å styrkja reiselivsnæringa i Kvinnherad og leggja til rette for innovasjon og nyskaping, betre marknadsføring og utnytta kommunen si geografiske plassering i overgangen Sunnhordland – Hardanger.

Uskedalen er mest fråverande i planen, bortsett frå på s. 7 der vi finna fylgjande formulering: Ulvanosa er alt godt etablert i klatremiljøet og dette er noko som kan utviklast meir. Det er ikkje sagt korleis dette kan gjerast, sjølv om vi alle veit at infrastrukturen manglar for å ta mot turistar og grupper av reisande. Det som er mest aktuelt å få på plass, er: Parkering og oppstillingsplass for bilar, skilting, toalett og informasjon.

Dønhaug, arena for Festidalen og låvedansar samlar tilreisande frå regionane Sunnhordland og Hardanger.

36 tiltak er lista opp i ein plan. Tiltaka skal gjennomførast i planperiodem 2021 – 2024. Tiltaka er ikkje finansierte. I tiltakslista finn vi plan for ein familiepark på Husnes, men Ikkje eit ord om den planlagde klatreparken i Uskedalen. Festidalen er ikkje nemnd, heller ikkje Dønhaug Gjestegard, den største låvedansarenaene på Vestlandet. Uskedalen med sine to båthamner og campingsplassar er utelate.

Den årlege verdiskapinga av reiselivet er rekna til 35 millionar kroner. 163 personar er direkte eller indirekte sysselsette i reiselivet. Då reknar ein mellom anna alt frå transport, overnatting, servering, anlegg og bygg.

Ein strategi for cruisebåtnæringa er omtalt i eigen plan og vil bli kommentert i eige innlegg.

Ukedalen med to båthamner, campingplassar og feriesenter er innfallsporten til Hardanger
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal