Uskedal helselag har siste tida hatt ute ein quiz med 10 oppgåver i turvegen Dønhaug – Geilo – rundt Neset – båthamna/campingen og langs elva. Dette har vore ein fin erstatning sidan dei ikkje har kunna arrangera Hjartemarsjen på tradisjonelt vis i desse koronatider. Det har vore eit kjekt innslag for dei som har gått denne turen. No er quiz-perioden avslutta, og det er trekt ut ein vinnar blant dei som har levert rette svar. På bildet over ser vi den heldige vinnaren. Uskedal helselag skriv på facebook-sida si:

Hjartemarsjen si fruktkorg vart vunnen av Linnea M. Ripel. 10 personar fekk trøystepremiar, småting med Nasjonalforeningen sin logo. Det kom inn 13 svar, men vi er kjende med at fleire gjekk marsjen utan å senda inn svara. Takk til alle som deltok. 

Tekst: Thor Inge Døssland/Frå Uskedal helselag si facebook-side.
Foto: Uskedal helselag
Nett: Thor inge Døssland