Lembinga er i godt igang. På Myklebust, hos Lisbeth og Roy Døssland, er det fødde i overkant av 200 av tilsaman 244 lam. Av dei er det 22 kopplam så langt, også kalla flaskelam. Det som vert omtala som vårens vakraste eventyr, startar kring påsketider. Roy reknar med å vera ferdig med lembinga i denne veka. Døtrene Åsta ( 10 år ) og Astrid ( 7 år ) hjelper til, særleg med å mata kopplamma. Veslebroren deira, Mandius, er også med sjølv om han ligg for det meste i vogna.

Når lembinga er ferdig, må ein rekna med om lag 30 flaskelam.

Roy Helge Døssland har 130 lamsauer. Det er ein auke frå 105 i fjor. Målet er 180 lamsauer om nokre år. Snittet på antal lam pr. sau er 1,93.

Det er to rasar sau på Myklebust. Det er spel og Norsk kvit sau. Spelsauene er kjøpte på Haugland. Dei er vane med å vera på beite i Botnane og kring Vatnastøl. Den andre rasen, Norsk kvit sau, går på beite ved Åtgotelv. Det er lite snø i fjellet i år. Difor vert sauen sleppte tidlegare enn det som er vanleg.

Åsta og Astrid hjelper til i lembinga.
Sauene med lamma går fritt ut og inn.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal