Då er lembinga igong på Øvre Musland. Dei første lamba – trillingar, kom på langfredag. Fine og friske lamb. Men ikkje alt er like rosenraudt med husdyrhald og lembing heller. Natt til påskeafta kom det også trillingar, men to av lamba hadde døydd i mora sitt liv – og det tredje døydde like etter fødselen. Ein trist og tung start på lembinga. Men lambevakta tok eitt lamb frå det forrige trillingkullet, og gav det til ho som mista alle. Så får vi sjå om ho tek det til seg, og om ho kjem seg igjen etter den vanskelege fødselen.

Det eine trillinglammet overlevde.


Vi dreiv med mjelkegeiter i 23 år. Siste året var i 2003. Framleis har vi nokre få geiter i fjøsen – mest for nostalgi, og for ungane sin del. Geitene og kjea gir jo noko meir kontakt enn kva lamma og sauene gjer.Og så er dei SÅ søte, desse kjea – seie både ungane og eg.

Gamlegeita med merke i øyra.


Geita som eg legg ved bilete av, er gamal.På øyret hennar, så kan vi tydeleg sjå bumerke som høyre til garden her : “M-a merke attan i høgre øyra”.
For nokre år sidan så fann nokre “kloke” folk ut at det var dyreplageri med dette merke – og det vart forbode. At det var dyreplageri kan eg ikkje forstå, med tanke på alle dei andre merka som blir sett i øyrene no – som er påbodne, og som dyra stadig vekk heng seg faste i gjerder og anna med – og riv av seg.

Dei to kjea til Gamlegeita leikar seg og spring ut og inn i garden sin.


Det første bildet viser oversikt over sauefjøsen – lyst og fint der, synes eg. Ca 95 sauer som skal lemba. Det andre bilete viser eitt av lamba – frå trillingsettet. Så har vi gamlegeita. Og dei to kjea hennar, som leikar seg og spring ut og inn av garden sin.


Eg ønske dåke alle ein fin vår  !
Vennlege helsingar frå Møyfrid 

Tekst/foto: Møyfrid Kristoffersen
Nett: Kristian Bringedal