Lembinga er i godt igang. På Myklebust, hos Lisbeth og Roy Døssland er det så langt fødde 50 lam. Av dei er det 10 kopplam, det som også vert kalla flaskelam. Lembinga er av mange omtalt som vårens vakraste eventyr. Systrene Åsta ( 11 år ) og Astrid ( 8 år ) er med og hjelper til, særleg med å mata kopplamma. Broren Mandius er også med i sauefloren.

Systrene Åsta og Astrid hjelper til i lembinga.

Roy Helge Døssland har 160 lamsauer. Det er ein auke frå 140 i fjor. Målet er 180 lamsauer om nokre år. Går alt etter planan, skal det koma 284 lam i år. Snittet antal lam pr. sau i fjor var 1,93. Det kan verta om lag det same i år.

Det er to rasar sau på Myklebust. Det er Spel og Norsk kvit sau. Spelsauene er kjøpte på Haugland. Dei er vane med å vera på beite i Botnane og kring Vatnastøl. Den andre rasen, Norsk kvit sau, går på beite ved Åtgotelv.

Lembing på Myklebust hos Lisbeth og Roy Døssland.

Lembinga er ei travel tid for Roy og Lisbeth. Roy ligg for det meste i eige rom i løa. Hallvard, far til Roy, hjelper til med morgonstellet. Det tek om lag to timar og er ei god avlasting.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal