Eit større lekterskip er buksert på plass for oppdrag stranda i Kleivdalssvingen. Det må vera det største i sitt slag som har vore engasjert for private oppdrag i Uskedalen. Johs. Røgelstad Maskin frå Skånevik er entreprenøren. Lekteren har før vore brukt ved utdjuping av kaien på Børnes. Førebels kjenner ikkje uskedalen.no til kva som er oppdraget, men det vert klargjort for noko som truleg er naust- og/eller kaiarbeid.

Lekteren er utstyrt med maskinar til alle former for entreprenørarbeid i strandsona.

Røgelstad Maskin er registrert med adresse Skånevik. Maskinfirma tek mellom anna oppdrag på kysten med grunnarbeid, skyting, betong, mudring og utdjuping. Firma er skipa i 2006 og på heimesida deira finn vi meir informasjon, mellom anna at det er 10 tilsette i verksemda.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal