Ein lekter frå Johannes Røgelstad Maskin AS er på plass på Børnes for boring og sprenging av ei grunne som ligg på den kommunalen delen av tømmerkaien. Førebuing og klargjering tok til fredag i veka som var. Lekterfirma frå Skånevik vert mykje brukt ved bygging av kaiar, moloar og fundament i sjø i heile regionen. Lekteren fungerer også som ein ambulerande og flyttbar tømmerkai, om det trengst.

Areidet på Børnes er ein del av eit større vedikehaldsarbeid kostnadsrekna til 10 mill. kr. Ei statleg løyving på 7,6 mill. kr, som utgjer 80 % av finansieringa. Restsummen vert omsøkt og ferdig arbeid vert truleg gjort ein gong i 2021.

Terje Natland fortel til Uskedalen.no at før det vert lagt høgspentkabel ut frå Børnes til Skorpo, så må nabba fjernast. Ein vil også nytta høve til å fjerna ei blokk som ligg om lag midt i kaien.

Lekteren har borerigg og gravemaskinar ombord. Lekteren kan forflyttast med to motoriserte installasjonar i akterenden.

Tømmerkaien skal oppgraderast og forsterkast. Ein viktig del av prosjektet er utdjuping og bortskyting av ei grunne. Den undersjøiske nabba gjer at større skip ikkje kan gjerast ferdig med lasting i Uskedalen. No vert dette problemet løyst. Grunna ligg på kommunal del i retning aust.

Børnes Tømmerkai var ferdig bygd i 1991 og det har særleg dei siste åra vorte skipa ut store mengder tømmer. Hogsten er mangedobla dei siste 10 åra.

Det er Søre Kvinnherad Skogeigarlag og Kvinnherad kommune som eig og driftar kvar sine delar av kaien.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kristian Bringedal / Øystein Enæs