Kvinnherad Asfalt legg ut om lag 10 tonn ny asfalt på plassen ved Grano i sentrum i dag. Entreprenør er Musland Maskin som har hatt arbeidet med grøfter, røyr og koplingar. Alt vert gjort nøyaktig og på ein fagleg forsvarleg måte. Før utlegginga av asfalt er traseen grusa, planert og avretta. Tre mann frå Kvinnhead Asfalt var engasjert, av dei også dagleg leiar Sindre Stensletten. Det er enno uklart kva det vert med Kvinnherad kommune og asfaltering av heile plassen. Kommunen er grunneigar og har ansvaret for at plassen fungerer slik det er tenkt.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal