Legg deg i trening fram til Skårhaug Opp, torsdag 15. august.
Skårhaug Opp 2024 er lagt til torsdag 15. august. Start på Sandakaien. Mål på Skårhaug, 49 meter over havet. Toppturløpet vert rekna som Noregs lågaste. Det vert som i fjor lagt opp til ulike klassar, for dei som vil kokurrera og for dei som berre vil gå den 1,6 km lange løypa som ein tur. Med bakgrunn i oppsummeringsmøte Uskedal Friluftslag hadde med Idrettslaget i 2023, kom ein fram til denne løysinga for årets løp.
- Uskedal Idrettslag er teknisk arrangør og melder motbakkeøpet inn til kretsen
- Uskedal Friluftslag er medarrangør og står for kiosksal og lotteri
- Det vert premieutdeling straks etter løpet er ferdig
- Friluftskonserten på Stemneplassen vert lagt til ein annan dag
- Uskedal Musikklag og evt. andre musikkgrupper vert likevel spurde om å vera med sjølv om det ikkje vert konsert
- Friluftslaget og Idrettslag vil i god tid før neste løp ha eit sammøte om detaljane.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto