MESTA jobbar med fundament og monterig av skilt på Fylkesvegen på Døsslandsido og nedre del av Haugland. Grunneigarane langs vegen var ikkje informert om arbeidet før dei las ei kunngjering på uskedalen.no om fundament og montering av skilt. Totalt vert det montert 20 skilt frå nedre Feet til Haugland, fartsskilt 60 km og skilt oppheva fartsgrense. Nokre meinar at det er i meste laget med skilt og at det ikkje kan vera naudsynt med så mange skilt på ein veg med lokal trafikk. Uskedalen.no kjenner ikkje krava til kor tett skilta skal stå på ein lokal fylkesveg, men dette må vera ei overdriving. Nokre plassar kan skilta dessutan vera ei hindring for effektiv gardsdrift, til dømes med grasberging i vegkanten.

Skilta på Døsslandsido og nedre del av Haugland gjeld 60 km fartsgrense.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Thor Inge Døssland