Lars Henrik Skogtun - æresmedlem i Røysterett for Alle.
På juleavslutninga for kora Røysterett for Alle og Husnes Blandakor vart Lars Henrik Skogtun utnemnd til æresmedlem, den andre i rekkja etter Svein Rimestad (2023). I tillegg til å vera ein aktiv kormedlem sidan 1993 har Lars Henrik over lang tid sørga for det meste for at koret materielt har klara seg betre og betre. Lars Henrik har laga korbenker, plattform til dirigenten, sørga for lydanlegg og arbeidsljos. Han monterer og gjer klart til øvingane. Han har hatt fleire periodar som leiar for koret, der han har skaffa dugnadsoppdrag som har spedd godt på økonomien.

Nokre av oppgåvene har han stått for sjølv slik som elektrisk fagarbeid som han har lete koret få løna for. God økonomi har gjort koret i stand til å kjøpa eit bra piano som han syrgjer for at vert halde stemt. Artig er det å nemna då Lars Henrik stod for dyretransport til 20-årsjubileet «Frå låvedør til Liverpool».
Dirigenten Maria Malmsten fortalde at det var Lars Henrik som i 2006 ringde og spurde om ho kunne vera dirigent for eit litt «snålt» blandakor i Uskedalen. Ho eksaminerte han litt om koret, vart sjarmert over korleis han la fram saka, og brukte ikkje så lang tid på å seia ja til å prøva. Dette vart byrjinga på ein periode som heldigvis ikkje er over enno.
Til stor jubel og ståande applaus vart han overrekt eit diplom, og ein flott montasje av eit blandakor.
Styreleiar Sylvi Hjelmeland takka alle for eit vel gjennomført fellesår. Ho takka dirigent, akkompagnatørar Haldor og Gro for vel utførde jobbar i året som har passert. Kora har bruk for slike når ein skal gjera eit variert repertoar ved både seriøse konsertar, ved korkafear og som gjesteartistar i andre sin regi. Alle fekk ei høveleg julegåve.
Sveinung, formann Blandakoret, takka for godt samarbeid, og skrytte over kor godt kora er i gang med å samstemma seg, både songleg og sosialt. Blandakoret hadde og ei høveleg gåve til dirigenten.
Heile 35 koristar var med på juleavslutninga i Helgheim i går kveld.
Tekst: Meldar Foto: Anne Grethe K. Berge Nett/redigering: Kristian Bringedal