Lapua Cup med gode lokale skyteresultat.
Lapua Cup er ein innendørs cup, som vert arrangert ved dei ulike skytterlaga i Hardanger, Voss, Sunnhordaland og Bergensregionen. Under årets cup var det meir enn 600 deltakere. Skytinga går for seg innandørs på 15 meter. Skyttarane skyt eit program på 25 skudd pluss omgang 10 skudd. Maksimalt antall poeng er 350 per skyting. Det vart arrangert skyting 8 gonger, der 5 tellende resultat.

Denne helga var det finaleskyting i Lapua Cup ved Vangdalsåsen i Tørvikbygd. Her vart dei 15 beste i kvar klasse invitert til finaleskyting. Frå Kvinnherad Skytterlag var det mange som hadde kvalifisert seg til finale. Ved finaleskyting vert det skote eit innleiande program på 25 skudd. Etter dette går dei fem beste fra kvar klasse til ein superfinale. Her vert det først skote 5 skot i serie, og så vidare eit og eit skot.

Skytinga foregår med discolys og full musikk, med kommentering av av skytinga til alle skyttarane. Dette er for å lage show, samt å prøve å distrahera skyttarane som ligg under press. Heldigvis har dei gode instruktørane ved Kvinnherad Skytterlag arrangert disco på Seimsfoss under skytetrening, slik at alle var godt forberedt. Dette var eit stort og innhaldsrikt program denne dagen, med fantastisk skyting.
Av dei lokale her i bygda, kom Per Håkon Korsvold vidare til superfinalen og enda tilslutt på 3. plass med 344,2 poeng. (0,1 poeng bak nr 2). Sjå bilete på topp.
Hanne Bakke Berntsen skaut seg heilt til topps, og vann klasse 1, med fantastiske 350,1 poeng.
I klassen SK1 vart det ikkje arrangert superfinale, og resultatet etter innleiande vart ståande. Dette gav Klara Bakke med 247 poeng ein fin 2. plass.
Tekst/foto: Meldar - Kvinnherad skyttarlag Nett: Kristian Bringedal