Den kommunale plassen mellom Grano og Gamleskulen er i skrøpeleg stand. Det er hol i hol og asfalten er totalt nedsliten. Plassen, som fungerte som skule- og leikeplass i over100 år, har ein sentral funksjon i bygda, slik som parkeringsplass, oppstillingsplass for SIM kontainarar, omlastingsplass, torgplass og handel, infopunkt og ikkje minst framkomst og gjennomkøyring til kyrkja og camping. Det er på mange måtar møteplassen i Uskedalen. No kjem det fram at det kan vera von om asfaltering og at det er aktuelt å få til etter at Uskedal Vassverk er ferdig med grøfting og utskfting av den gamle vassledningen til ny lednng. Det må uansett gjerast eit førebunade arbeid med rydding og reisking av torv og gras som veks inn i asfalten. Kven tek tak i dette og gjer kommunen merksam på det ansvaret dei har i Uskedalen. Oppdatering: Egil Myhre i Uskedal Utvikling har alt kontakta Hjalmar Heimvik i Kvinnherad kommunen om tiltak. Det er snakk om å skifta ut det som er sundsprukke, i denne omgang.

Asfalt i hola løyser ikkje problemet. Her må det ei total asfaltering til.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal
Det veks torv og gras langs kantane. Dette må reinskast før ny asfalt kjem.