Landbruksvikar og tusenkunstnar! Kven snakkar vi om då? Jau, vår eigen landbruksvikar Sindre Aksnes. Sindre er ein allsidig kar. Ikkje er han berre dyktig med folk og dyr, men han er og ein dyktig musikar, trekunstnar og kunstmålar. Det siste har han synt fleire gonger med flotte akrylmaleri. Dette maleriet er malt frå eit bilete som Hans Reidar Kjærland tok av kviga Sindy på beite. Sindy med S, er sjølvsagt oppkalla etter Sindre. Vi kjem heilt sikkert til å få sjå meir kunst frå denne karen.

Tekst/foto: Henta frå FB Hans Reidar Kjærland.
Nett: Kristian Bringedal