Etter at det blei opna opp att for fiske i Uskedalselva etter finversperioden for eit par dagar sidan, har det blitt registrert ein god del fiskarar langs elva. Medan det i første perioden berre var opna for fiske etter sjøaure, er fisket etter laks også i gang no. Fiskekort kan kjøpast ved å gå inn på elveguiden.no.

Det blir meldt at det er observert mykje fisk i elva, og dei siste dagane er det registrert inn ein del fangstar, hovudsakleg laks. Den heilt store fisken let venta på seg. Største fisken som er registrert til no, er ein holaks som Trond Mathisen fekk på Haugland i går. Den var 5 kg, og han fekk fisken på mark. Snittvekta på laksen som er tatt til no, er på 3,3 kg. Dei siste åra har dei største laksane som har blitt fiska, lege på rundt 10 kg.

Største sjøauren som er fiska til no, var på 2,3 kg. Den blei fiska på spinnar. Snittvekta på sjøaure er til no ca.1,4 kg.

Det er teke ein pukkellaks. Den blei fiska på mark i Kjærland vald og var 3,2 kg.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto.