Lagerbygget på Børnes riggar godt.
No er Lagerbygg 1 godt synleg på Børnes Næringsområde og alle får eit godt innrykk korleis bygget vil sjå ut og fungera. Byggherre er Grude Bygg frå Jæren. Bygget inneheld 14 lagerseksjonar. Ni av dei er alt selde.

Dersom det er god interesse, kan det bli aktuelt å starta arbeidet med bygg 2 på nabotomta. Grude Bygg har opsjonsavtale og dermed forkjøpsrett til meir areale.
Bygget riggar godt og vil vera eit stort framsteg for å rydda område og utvikla Børnes til eit attraktivt næringsfelt. Med godkjend reguleringsplan ligg alt tilrette for nyetablering, vekst og utvikling.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal