Grude Bygg AS er godt igang med grunnarbeidet på nytt lagerbygg med totalt 14 seksjonar. Åtte seksjonar er alt selde. Bygget med eit areal på 1200 m2 er rekna å vera ferdig til sommaren 2026. Grunde Bygg held til i Klepp kommune på Jæren. Dei held fram arbeidet med lagerbygg på Børnes Industriområde etter at stordfirma Fronta Bygg gjekk konkurs.

Byggeskiltet er alt kome på plass, med viktig informasjon og kontaktadresse.

Entreprenør TM anlegg har prosjektering og utførande på veg- og grunnarbeid. Osnes AS står for forskaling, armering og støyping. Into Røyr og Into Elektro har vatn, avløp og er utførande på brannalarm- og ledlysanlegg.

Straks grunnabeidet, fundamentering og støyping er ferdig vil elementa, som er i betong, bli montert. Nokre av elementa er alt plassert på den seks dekar store tomta. Storleik på kvar seksjon vert tilpassa kjøparane sine behov. Grude Bygg har kjøpt halvparten av dette arealet og har intensjonsavtale om kjøp av dei resterande tre måla.

Dersom interessa er stor, kan det koma eit lagerbygg nr. 2 på tomta.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal