
Lagerbygg på Børnes.
Fronta Bygg har på finn.no lagt ut at dei vil byggja lagerbygg på næringsområde på Børnes i Uskedalen. Det er eit lagerbygg for små- og mellomstore verksemder, også eigna for privatpersonar til lagring av bil, båt, bubil og camingvogn. Seksjonen kan også nyttast som eigen verkstad. Byggestart: 1. kvartal 2025.

Salssjef er Knut Risnes. Prosjektet er klart for sal frå oktober 2024. Kvar sekson har ei golvflate på 68 – 77 kvadratmeter. Takhøgda er 6 meter. Pris er sett til 1,4 millionar kroner.
Tekst/skisse Henta frå salsprospektet på finn.no Nett: Kristian Bringedal