Dag Helland er over snittet og meir enn dei fleste interessert i kystkultur og fartyvern. Helland er pensjonist og har god tid til å dyrka hobbyane sine på ferieplassen i Fjero i Uskedalen saman med Henny. I tillegg til båt- og naustrestaurering går det i fiske, planter og eldre handverk. Det siste er to slippvogner, ei vogn for plastbåten og ei vogn for færingen, ein Oselvar på 19 foto. Slipp kjem frå engelsk slip som tyder gli, smette. Det er ei renne eller ein bane som små og mellomstore farty kan dragast opp på til ettersyn og vøling. Vi brukar omgrepet: Å dra båten opp på slippen.

Med spelet dreg han opp færingane åleine og med lita kraft.

Dag Helland har for det meste brukt gjenbruksmateriealer. Noko er kjøpt, slik som boltar og skruer. Vognene er tyngde ned med betong for å ikkje flotna opp ute i sjøen. Med eit spel deg han båtane opp med lita kraft.

Dag Helland, som til vanleg bur på Midtun, er ute heile dagen, frå tidleg morgon til seint på kveld, og har alltid nokre prosjekt på gang. I fjor laga han ny keip og delvis ny tofte til ein 15 fots Oselvar. I år var det å fella inn ny esing i nokre rotne parti. Skifte av saum er eit vanleg gjermeål kvart år. Nokre eldre færingar ligg i tunet og ventar på oppusssing. Dag har god tid og let seg ikkje stressa. Hobbyen er ein trivselsfaktor. Det er noko ein skal kosa seg med, seier Dag.

Færingen glir fint ut i sjøen etter å ha vore på slippen for reperasjon.

Vi berre spør: Kva vert neste prosjekt i Fjero ?

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal