Det er enno att nokre reiner i Uskedalen. Mange er jevna ut og er ein del av dyrka areal. På bruk 17 på Myklebust har Trond Johannes Myklebust frå nyttår og fram til i dag utført eit stort arbeid med å auka arealet og gjort det meir lettstelt for maskinell drift. Trond Johannes driv Kjærland Samdrift saman med brørne Kjell Arne og Geir Inge Myklebust.

Ei rein kan vera ein åkerkant eller ein lang voll av jord eller grus. På nabobruket bnr. 9 vart reina kalla Brattareino. Denne reina vart lagt ut for om lag 5 år sidan. På nabobruket i sør, bnr. 14, er også reinene jevna ut for å få ei samanhengande flate. På Døssland og Haugland er det enno att nokre mindre reiner.

Trond Johannes Mykelbust fortel til uskedalen.no at han starta arbeidet med hogst og rydding straks på nyåret. Han har jobba i heile vinter og vår, fire dagar kvar veke, fire timar kvar dag etter arbeidstid. I tillegg har han brukt fire laurdagar. Med eiga arbeidskraft og eigen maskin er arbeidet no sluttført. Då er det om lag 28 dekar åkerflate frå kommunevegen til elva. Arbeidet omfattar også attlegging av ein traktorveg ned til høgspenkabelen og opparbeiding av ein liten oppstillingsplass for maskinar.

Auke i dyrka areal er neppe meir enn knapt 2 dekar. Den store gevinsten går på lettare drift, både når det gjeld gjødselspreiing og forslåtten. Arealet i dag tilsådd med ei blanding av timotai og raigras.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal