I slutten av september skreiv vi om at dei var starta å reisa det nye storfjøset på garden til Svanhill og Lars Haugland. Denne veka fekk kyrne på garden ein særdeles flott førjulspresang då dei fekk flytta inn i det nye romslege og lyse fjøset. Det er det fjerde fjøset i bygda med lausdrift og robot som tar seg av mykje av det daglege arbeidet. Runar Myklebust var først ute for 5-6 år sidan og på vel eit år no har det blitt robotdrift hos Hans Reidar Kjærland/Anne Marit Myhre, Stian og Tor Ove Haugland, og no hos Svanhill og Lars Haugland.

Dei tre brørne Johannes(T.v.), Torbjørn og Øystein er svært arbeidsomme, interesserte og engasjerte i både bygginga av nyefjøsen og gardsdrifta elles.

Det er ein imponerande eigeninnsats som er lagt ned av heile familien på Haugland etter at gravearbeidet starta i februar i år. Både Svanhill, Lars og borna med fleire har verkeleg stått på, og det er kjekt å registrera den felles interessa og gleda som dei alle har for arbeidet. Resultatet er også blitt imponerande! Her får dyra det flott med god bevegelseplass i den lyse floren der det er delt inn i ulike avdelingar. Det er t.d. eigen velferds-og fokusavdeling for kyr som av ein eller anna grunn treng litt ekstra fokus. Datateknologien og roboten syt ikkje berre for mjelking og foring, men han registrerer det meste, – både mjelkekvalitet, når det er tid for inseminering, ja, viss kua blir matlei er det eigne program for det og for å nemna noko.
Ja, det meste overgår min forstand, men så er no eg oppvaksen i ei tid der ungane måtte læra seg å mjelka med hand, og mjelka blei levert i spann på mjelkerampen. Derfrå transporterte Arne på Sanden den med lastebilen sin til meieriet på Seimsfoss.

Kyrne har alt funne seg godt til rette i dei mjuke og gode liggjebåsane.

I storfjøsen på Haugland er det 49 liggjebåsar der kyrne kan leggja seg til å kvila når dei føler for det. Der ligg dei mjukt og godt på madrassa si. I fjøsen er det plass til fleire dyr, for det er lagt opp slik at kyrne er i sirkulasjon slik at alle ikkje ligg samtidig. Nokre er i mjølkeroboten, andre forsyner seg med kraftfor eller grovfor, nokre tar ein tur innom børsten får å få gjort seg reine og enkelte berre driv rundt. For å få denne sirkuleringa fungera godt, er dei “kjekke” tinga som mat, mjølkerobot og børste plassert etter ein nøye gjennomtenkt plan.
– På grunn av denne sirkuleringa skal det vera plass til fleire kyr enn det dei 49 liggjebåsane tilseier. Kor mange det blir, er avhengig av kor godt denne sirkuleringa vil fungera, forklarar Lars Haugland og dei tre sønene Johannes, Øystein og Torbjørn som er både interesserte, arbeidssomme og engasjerte.
Dei legg til at det er anbefalt å ikkje ha over 70 på grunn av kapasiteten på roboten, så dei reknar med talet vil liggja noko under det, og viss eg forstår dei rett, så vil det no ta tid å byggja seg opp. Fortilgang og mjølkekvote er jo svært styrande i så måte. Det er i alle høve eit framtidsretta bygg som no er i innkjøringsfasen.

– Det passar godt å starta opp med å bruka det no, for vi har ganske mange kyr som har mjelkepause no sidan dei snart skal kalva. Derfor er det berre 16 kyr her i første omgang, og det er greitt for både vi og kyrne skal læra oss noko nytt, fortel Øystein og legg til at resten vil bli slusa inn etter kvart som dei kalvar og skal begynna å mjelkast. Allereie først i februar vil talet ha auka til 28. Fram mot sommaren reknar dei med at talet vil veksa til rundt 35.

Gamlefjøsen kjem heller ikkje til å stå tom. Den blir frigjort til ungdyr. Der er det no 30 båsar samt nokre bingar til småkalvar. I første omgang blir båsane brukt som no, men det er planen å byggja det om til lausdrift med liknande liggjebåsar som i nyefjøsen. Såleis håpar dei at overgangen til nyefjøsen skal gå veldig greitt når dei blir “vaksne”.
På garden har dei i hovudsak NRF, men dei har også Brown Swiss og Holstein og no har dei også kjøpt to kviger av rasen mjelke-Simmental.

Då eg var innom fjøsen eit par dagar etter innflytting verka det som om både folk og fe trivdest godt i nyefjøsen. Kyrne såg ut som om dei hadde funne roen og verka som dei var svært så avslappa, medan dei fire karane tydeleg tykte at dette var både interessant og spennande. Jammen må det vera kjekt for denne bondekvartetten å ha landa eit slikt mål etter ein formidabel innsats.

Ei fin jul blir det nok også for kyrne og folket på Haugland. No er det ikkje Lars som skal bestemma når kyrne skal mjelkast lenger. Er det gått meir enn 4 timar frå dei blei mjelka, bestemmer kyrne det sjølv. Viss ikkje, seier roboten stopp, og dei må venta litt.

29.september.
29.oktober.
Dagen før innflytting, 14.desember. Øystein er på plass.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland