Kyrkjevalet 2023 er lagt til valdagen 11. september. Valprosessen og førebuinga er starta. Det er høve til å gje si røyst sundag 10. september slik det også er for kommune- og fylkestingvalet. Kyrkjevalreglane § 4-1 seier at soknerådet sjølv skal fungera som valstyre i det einskilde sokn.
Valstyret har ansvar for førebuing og leiing av valet. Det inneber mellom anna ansvar for at informasjon om valet er tilgjengeleg for veljarar.
Valstyret bør snarast setja i gang arbeid med å finna kandidatar til kyrkjevalet 2023. Det har ved dei siste kyrkjevala vore vanskeleg å finna kandidatar. Difor vert noverande sokneråd tilrådd å ta ein periode til.

Uskedal sokn har eit sokneråd på 4 medlemer og 3 varamedlemer. På valista skal det då vera 7 namn. Kandidatane skal offentleggjerast seinast 2. mai. Soknerådet i Uskedalen møter med to utsendingar til valkurs som skal vera på Stord 31. januar.

Meir informasjon om Kyrkjevalet 2023 kjem utover våren.



Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto