Pressemeldinga er ei oppdatering om status for Uskedal kyrkje. Kyrkjekontoret har motteke ein rapport frå selskapet Omega 365 Protek som arbeider på vegne av forsikringsselskapet. I korte trekk inneheld rapporten ulike løysingsalternativ for å ta vare på, og sikra kyrkja. Rapporten inneheld utrekningar og ulike forslag for vidare permanente løysingar. Eit slikt arbeid vil ta tid. Ein må saman med fagfolk finna den beste løysinga som kan kombinerast med det visuelle inne i kyrkja.


Som mellombels sikring vert det anbefalt at det vert sett opp utvendige støtter som stabiliserer bygget. Det vert då nytta betonglodd og 6 meter lange støtter som presser inn den veggen som no heller ut. Kyrkjeverje, Torstein Aarthun, skriv vidare i meldinga at ein er i gang med å innhenta naudsynte godkjenningar for å setja opp slike støtter.

Det vil ikkje bli vakkert, men dette tiltaket vil motverka ytterlegare skader ved vind og det vil og truleg gjera det trygt å opna kyrkja for vanleg bruk. Så snart godkjenningar er på plass vil vi gjere det vi kan for å få dette på plass snarast råd.

Tekst: Pressemelding
Foto/Nett: Kristian Bringedal