Grunna den usikre smittesituasjonen har kyrkja i Kvinnherad alt no bestemt at det ikkje vert nokon fysiske gudstenester palmesøndag. På Husnes vert det halde ei enkel dåpsgudsteneste, som ikkje er open for andre enn dåpsfylgje. Folk kan likevel få med seg ei helsing frå kyrkja lokalt på veg inn i påsken, i form av digitalt ord på www.kvinnherad.kyrkja.no og kyrkja si Facebook-side. Denne gongen er det Jan Ove Totland som deler Ord for helga frå Valen kyrkje.

Kommunen har varsla at ein på torsdag skal ha ei ny vurdering på om den lokale forskrifta for Kvinnherad og om den skal vidareførast eller ikkje. Det er difor noko usikkert kva som skjer med gudstenester sjølve påskedagane. Eit eller anna tilbod vert det, anten fysisk eller digitalt.

Til vanleg helsar vi alle hjarteleg velkomne på gudstenester i kyrkja. Denne påska må me dessverre poengtere, at dersom det vert fysiske gudstenester, så må me be folk om å retta seg etter nasjonale tilrådingar om å ikkje delta på arrangement utanfor sin heimkommune.

Du og du kor me gler oss til at den normale kvardagen skal koma til oss igjen.

Uskedalen er sett opp med gudstenste 1. påskedag kl. 15.00. Det er uvisst om det let seg gjera. Informasjon vert lagt ut på uskedalen.no.

Tekst/foto: Kyrkja i Kvinnherad
Nett: Kristian Bringedal