Som ein konsekvens av dei innstrammingane som kom etter pressekonferansen frå regjeringa søndag 3. januar avlyser kyrkja i Kvinnherad gudstenester og andre aktiviteter dei komande to vekene (fram til 18.01). Dette gjeld ikkje gravferder og andre kyrkjelege handlingar som t.d dåp eller vigsel.

Gravferder vert gjennomført med maksimalt 50 stk til stades. Grunna avstandsreglar kan dette variere noko frå kyrkje til kyrkje. Andre kyrkjelege handlingar kan gjennomførast med maksimalt 10 deltakarar. Dette gjeld og i store kyrkjer med mykje plass.

Situasjonen for heile samfunnet er utfordrande, og det er viktig at vi i kyrkja og tar del i dugnaden for å få avslutta denne pandemien.

Med andre ord: Ikkje gudsteneste i Uskedal kyrkje sundag 10. januar.

Tekst: Kyrkjekontoret i Kvinnherad
Foto: Einar Gjertsen
Nett: Kristian Bringedal